tirsdag 14. februar 2023

Kjensle av vår


Kjensla av vår i barndomen var kjensla av å vere lett som ei fjør når cherroxane vart skifta ut med joggeskor. Kjensla av fridom når ein kunne legge vekk bobledress og ta på ei lett jakke i staden. Kjensla av å sette hælen ned i grusvegen og spinne rundt for å lage ei perfekt grop for klinkekuler. Og så kom alle ungane ut i vegen for å spele ball. Dei yngste berre på kjøt og flesk, men likevel med på lag. Og hoppestrikk på sokkelesten der det fanst tørr asfalt. Skulevegen vart ekstra lang fordi ein måtte stogge ved drikkefontena og lese det innskrivne diktet medan venninna drakk. Det var kvar sin tur. Og så måtte vi balansere på kyrkjegardsmuren. Alt som var kjekt året før, måtte vi gjere. Alt låg framfor oss.

Eg har slutta å slå ball og spele klinkekuler, men i dag varma vårsola og gjorde meg lett som ei fjør. Som vaksen veit ein at det kan kome vinterdagar lenge enno, og at denne fine dagen berre er ein pause i regnbygene. Likevel kjem denne kjensla av at vi har mange fine dagar framfor oss, at det blir lysare og at vi kan gå med lette skor og lette steg inn i ein endelaus vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar