tirsdag 18. juli 2023

Storesyster Strikke-Solveig 60 år


Torsdag 13. juli vart vi inviterte til Hareid for å feire storesystera mi, saman med dei heimeverande blant storfamilien. Frå vår grein var det berre Veslejenta og eg som kunne møte, men broren min var der med heile sin familie. 

Laurdag arrangerte borna hennar ei samling for heile deira grein av slekta, og dette skulle vere ei overrasking. Mi rolle var å stille med kaffi og kaker til festlyden, som skulle vidare til Eid. Broren vår køyrde mamma hit til oss og deretter til Eid, og sjølv kom eg òg til Eid, der vi fekk nydeleg trerettars middag på hotellet.

Eg legg berre ut bilete av den eine kaka eg serverte - namnet "Strikke-Solveig" er ein intern vits i familien, etter nokre videoar som er lagde ut på nettsidene til lokalavisa. Der vart ho presentert som "Strikke-Solveig frå Ørsta", noko vi synest er morosamt. For meg er ho ikkje berre ei strikkedame, men ei av klippene i livet mitt. Ho har alltid vore den klokaste og fornuftigaste, og eg har alltid hatt stor respekt for henne, sjølv om vi eigentleg er temmeleg ulike på mange måtar. Eg har aldri vore sjalu eller misunneleg på henne, kanskje nettopp på grunn av respekt og at vi er så ulike, og kanskje òg på grunn av ein stadig minkande aldersskilnad. Det blir oftast, også her, framheva kor klok og fornuftig Systa er, i tillegg til at ho er flink både når det gjeld mat og handarbeid. Eg vil i tillegg her framheve at ho har ein velutvikla humor, og at ho alltid har vore raus og inkluderande. I oppveksten opplevde eg henne som streng, men ho er kanskje meir tydeleg. Ho var i alle fall tydeleg på at ho ikkje hadde noko ønske om å bli "Strikkhopp-Solveig".


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar