torsdag 27. juli 2023

Albert og Dennis ti veker





Vi har no vore kvelpeeigarar i ti dagar, og gutta krutt har rukke å bli ti veker. Viss eg skal oppsummere korleis desse ti dagane har vore, kan det oppsummerast med: hektisk. Eg hadde gløymt at det å ha kvelp er så slitsomt! På dagtid er dei fulle av energi, og mykje løyste seg då vi fekk laga ei innhegning av 14 kompostelement frå Biltema. Når dei er utanfor denne, må dei fotfølgjast rundt på eigedomen, men dei har òg stor glede av å herje rundt med kvarandre. Slik sett er det mindre arbeid med to enn med ein, og Charlie slepp òg litt av herjinga, noko han set pris på. 

Første dagane tok det litt tid å roe seg med måltid, dobesøk og søvn, men no har vi hatt nokre fine dagar med opphaldsver og mykje uteliv, og då har det vore mykje lettare. Det er bra, for eg har vore mykje aleine med dei medan Veslejenta har vore på jobb. Sjølv har eg ikkje vore nokon stad på fem dagar, og brakkesykja kjem snikande, kjenner eg. Søndag skulle eg ta med Dennis i bilen og hente Veslejenta på kaia, då ho hadde besøkt faren sin saman med Albert, og då vart Dennis skikkeleg dårleg i bilen. Vi må venje dei til så mangt, både bilkøyring og å kunne vere aleine, men førebels har vi hatt nok med å prøve å unngå dobesøk inne og å roe dei om natta, med vekslande hell. 

 Utanom alt arbeidet og styret er det sjølvsagt mykje moro. I går kveld gjekk vi tur til parkerigsplassen ovanfor kyrkja og trena innkalling. Kvelpane er veldig lærevillige, og dei verkar uredde. Dei spring gjerne gjennom agilitytunnelen saman med Charlie, og dei kan sitje på kommando. Dei har ulike personlegdomar der Albert er roleg og Dennis meir energisk, noko vi til dømes såg på turen, der Albert gjerne ville berast litt på heimveg. Dennis er den som bjeffar til Charlie, og Albert er rolegast om natta. Dei trivst best med å sove tett saman om dagen, men vi har dei i kvart sitt bur om natta for å halde kontroll på kven som har "uhell" og ikkje. Då Veslejenta tok med Albert på tur og på besøk, hadde Dennis ingen problem med å vere att "aleine". Dette er òg viktig, sidan vi ikkje kjem til å bu saman for alltid. Vi har meldt oss/dei på kvelpekurs til hausten, og det håpar vi vil bli bra for oss alle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar