søndag 20. august 2023

Dagen før første skuledag

 Det er no 30 år sidan eg begynte som lærar på Ulstein vgs. Nesten ufatteleg lenge, og nesten ufatteleg annleis. Alle meldingar kom munnleg eller som oppslag på oppslagstavla, alt fråvær og alle karakterar vart førde i dertil eigna protokollar og ingen elevar skreiv på pc eller hadde eigen telefon. I undervisninga bruker vi enno tekstbøker i faga mine, men den var nok meir sentral i undervisninga for 30 år sidan. I tillegg kunne vi bruke tavla, lage kopiar, vise handskrivne lysark på overhead eller vise film på ein tv som vi trilla inn på klasserommet. På Ulstein hadde vi ein språklab som var kjekk å bruke, og vi hadde timeplanlagt ein time i veka der i engelskfaget. Vi kunne òg spele av kassettar på ein spelar vi bar med oss til klasserommet. Spurde ein elev etter eit ord eg ikkje kom på, måtte vi slå opp i ei ordliste som eg gjerne bar med meg til time. Det vart mykje bering, men vi hadde ingen pc å bere på.

I løpet av åra på Ulstein gjekk eg over til å lage lysark skrivne på (stasjonær) pc, men elles skjedde ikkje det så store endringar i sjølve undervisninga før eg kom attende på jobb i Volda etter barselpermisjon hausten 2004. Då fekk lærarane kvar sin laptop, og frå hausten 2005 hadde alle elevane pc. Vi har etter kvart fått videokanonar og høgtalarar i alle klasserom, og høva til variasjon av undervisninga er uendelege. Likevel kan ein sakne den roa som var i eit klasserom utan internett.

Elevane eg får no er ein generasjon yngre enn mine første elevar, og fleire av dei er faktisk direkte etterkomarar. Det opplevde eg for første gong i fjor. Ungdom er ungdom, og dei er både like og ulike kvarandre, men viss eg skal peike på noko som er endra, må det vere den individuelle tilpassinga som i dag vert forventa av elevar og foreldre. Vi lærarar er flinkare til å samarbeide og planlegge felles opplegg, men vi blir møtte med stadig sterkare krav om å undervise slik det passar einskildelevane. Paradoksalt nok skjer denne utviklinga parallelt med at klassene vert større. Ein strekk aldri til viss ein skal sikre at 30 individ blir sett, høyrt og tekne omsyn til til ei kvar tid. Som lærar må ein berre venje seg til dette viss ein skal halde ut i yrket. Det er heller ikkje unikt for læraryrket å vere stressa. 

Trass stress og rettebunkar har eg så langt likt yrket mitt, sjølv om det til tider kan vere overveldande med kvelds- og helgearbeid. Eg har kjekke kollegaer, og truleg vert også dette skuleårets elevar kjekke å bli kjend med. Dei to-tre første vekene er alltid litt "kleine", men så vert det bra etter kvart. Slik plar det i alle fall vere. Fleire elevar tek kontakt med skulen på førehand fordi dei må tryggast før skulestart. Alle er nok spente, men eg håpar dei fleste har positive forventningar. Det har eg i alle fall sjølv, og det er ein god start.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar