lørdag 5. august 2023

Valkampopning i Hornindal


I dag hadde eg valet mellom å halde meg heime med mine eigne hundar eller å drage med meg minstehunden til Grodås/hornindal for å delta på valkampstand. Det vart det sistnemnde. Dennis er ikkje glad i å vere i bil, men eg hadde med skift og fekk vaska bilburet før vi gjekk til standområdet. Det var kulturdagar i Hornindal, så det var mykje folk samla og ein heil del underhaldning med Bjørnis, korps, gamaldans og song. Kamilla med K, med mor frå bygda her, deltok med song, og det var eit høgdepunkt. Dennis fekk helse på mange, og han er ikkje redd for nokon eller noko så langt. Han måtte sove litt i buret sitt innimellom, men på veg heim var han så trøytt etter alle inntrykka at han ikkje orka verken å klynke eller å bli bilsjuk. Gleda var stor då han kom heim til hagen og Charlie. 

Det vart nokre politiske samtalar undervegs, men mest med andre politikarar. Det er viktig det òg, ikkje berre å sanke stemmer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar