Denne ferien vart litt annleis enn vanleg, sidan ingen born kom heim og Veslejenta reiste til Tenerife. Eg hadde ingen store planar for ferien, anna enn å slappe av, gå turar og prøve å lade batteria. Sidan Bladfyken har kjøpt seg ny bil, vart det kjekt å køyre ut på tur, og ein av dagane henta han mamma og tok oss med til Eid på besøke til tanta mi der. Elles har vi gått tur i Mjeltvika, ved og på det djupfrosne Hovdevatnet, i Løndalen, frå Melheim nesten til Navelsaker og i Mulevika i Herøy. Eg har ikkje opna ei skulebok på over ei veke, men i dag (søndag) har eg jobba meg frampå med planlegging av komande veke. Det blir hardt å begynne på jobb att, for no kjem ein travel periode med prøver og eksamensførebuing. Heldigvis er det berre fem veker før det så er ferie att.
søndag 22. februar 2026
søndag 1. februar 2026
Gjengen samla
Førre helg passa eg "barnebarnet" Albert, og gjengen fekk herje på heile helga. Det var nydeleg vintervêr, og laurdag fekk vi gå tur i strålande sol.
Bok 2 2026: "Pesten" av Albert Camus
Somme forfattarar tenkjer ein at ein skal lese, men så vert det gløymt. Eg har ein gong tenkt at eg skulle lese alle nobelprisvinnarar i litteratur, men så har eg gløymt prosjektet og heller lese noko anna. No plukka eg endeleg opp ei bok av Albert Camus, som fekk nobelprisen i litteratur i 1957. Denne boka fekk fornya aktualitet i 2020, og eg hugsar at eg las om pest og epidemi eg òg, men ikkje denne. Kort fortalt handlar boka om eit pestutbrot i ein by, og ein får innsyn i tankar, kjensler og gjerningar som dette fører med seg.Boka skal vere ein allegori på spreiinga av nazismen i Europa (den kom ut i 1947). Romanen er (sjølvsagt) svært godt skrive, og den var nydeleg innlese av ein sørlending, noko eg synest passa svært godt
søndag 18. januar 2026
Januar så langt
Det nye året starta med sprengretting og sprengkulde. Eg hadde ikkje fått ferdig alle bunkane før jul, så det vart hard jobbing etter at gjestane reiste. Kulden førte til ein del bekymring for glatte vegar og mogleg frost i rør, men eg hadde heldigvis mykje strøsand att frå i fjor og nokre triks i bakhand for å hindre frosne rør. Bilen min var på verkstad i to veker fordi dei venta på ein del, så nyåret starta også med ei saftig rekning, men også med ein bil som fungerer.
Då eg hadde retta ferdig, gjekk Bladfyken og eg ein lang tur i Remmedalen utanfor Eid, og det var så kaldt at vi sleit med både pust, tær og hud. Det var truleg kaldare der enn på sjølve Eid, og der var det kaldare enn heime. Noko feilval av turmål, altså.
Attende på jobb var det kjekt å møte att elevar og begynne på nye tema, men knallhardt å skulle snu døgnet att. Det tok nokre dagar før politikken starta opp att, men no er også den attende til ein slags normal. Ein fest i nabolaget liva litt opp i tralten - det er ikkje mykje eg har sett av naboane siste tida, og i sprengkulden held ein seg mest inne. Men så vart det mildare, isen begynte å smelte og ein såg langt lysare på livet.
Sist fredag hadde eg frifredag, så då tok eg meg ein tur til Ørsta. Mamma og eg hadde kaffislabberas først, deretter tok vi oss ein tur på ALTI, der eg kjøpte meg nokre nye handdukar på sal (ingen storhandel, altså). Det var lenge sidan eg hadde vore på anna enn matbutikk, så det var kjekt å sjå seg litt rundt. Deretter gjekk vi på café, så slapp vi å lage oss middag.
I går, laurdag, gjekk Bladfyken og eg tur att. Denne gongen køyrde vi litt opp i høgda ved eit ridesenter utanfor Eid, for sola skein oppe i høgda. Etter nokre svingar hit og dit enda vi opp ved vegen til Harpefosssen, der vi gjekk ein lang tur i sola. Som bonus fekk vi sjå ein nydeleg solnedgang som eg ikkje foreviga, og deretter vart vegen attende til bilen svært glatt. Charlie hund har halta litt i det siste, men han vart slett ikkje verre av å gå tur, og det var no veldig bra.
I dag har eg ein typisk søndag med husarbeid, sløving, eigenpleie og skulearbeid. Eg er nokolunde i rute med det meste, bortsett frå husarbeidet. Dess meir eg strikkar, dess meir rot og støv blir det, så eg må ta meg litt saman og rydde i strikkesakene mine. Det er no fire veker sidan sola snudde, her er nokre få plussgrader og eg ser lyst på livet.
Genser nummer 86: "Riddari" i léttlopi
Etter at Bladfyken vart sjuk og fekk medisin, har han blitt mykje kaldare. Han har blitt ivrig turgåar medan han er sjukmeld, og med den sprengkulden vi har hatt treng han gode klede. Eg såg bilete av ein ny Riddarivariant som eg syntest var utruleg fin, og det var han samd i. Då eg hadde strikka den ferdig, såg den litt liten ut, men heldigvis passa den perfekt. Viss han går ned enda meir i vekt, blir den litt romslegare, men han forsikra meg om at han kunne bevege seg fritt i den, og det er avgjerande. Fargane er nydelege, med kvitt, koksgrått, oransje og raudt, og eg hadde gløymt kor kjekt dette mønsteret er å strikke. Eg har ein del restar av léttlopigarn, så det kan godt hende eg strikkar fleire. For sju år sidan strikka mamma Riddarigenserar til meg og dei to yngste då vi skulle til Island, og for snart fem år sidan begynte eg å strikke min første genser sidan tidleg 80-tal, også det ein Riddarigenser. Etterpå vart det ein til Eldstejenta og ein til Storegut, så no har snart heile slekta eit eksemplar.
Skjermtid
Då eg gifta meg i 1988, fekk vi denne lampeskjermen frå slekt i Solund. Den er laga av stein derifrå, og eg er veldig glad i både Solund og Stein. For ei tid tilbake bad eg Bladfyken om å finne ein ny skjerm til lampen, for den gamle var bulka og stygg etter flytteprosessar. Den første skjermen eg hadde på lampen var rosa, noko som passa godt til 80-talsinteriør og gav eit nydeleg, varmt lys. På 90-talet bytta eg til ein offwhite skjerm med gulldekor, noko som passa perfekt til interiøret vi då hadde. Denne skjermen gav òg eit varmt lys, men den vart som nemnt bulka og stygg. Bladfyken har valt ut skjerm etter eigen smak, og den var annleis enn dei førre, men veldig fin. Eg var spent på om den svarte skjermen ville gi eit kaldt lys, men det var veldig pent og passa svært godt til møblementet elles. Kvit skjerm hadde ikkje vore fint til dei kvite veggane, synest eg. Etter at eg rydda ut jula, vart det fargelaust i heimen, for eg hengde opp mine gamle jvite gardiner. Det var litt godt å få det litt nøytralt her etter ein periode med mykje raudt.
Bok 1 2026: "Læreren" av Inge Eidsvåg
Boka er frå årtusenskiftet, men er likevel ei aktuell påminning om kva lærargjerninga er og bør vere. Eg har ein gong høyrt eit foredrag med Eidsvåg, men eg hugsar ikkje i kva samanheng. Det var inspirerande å høyre på, og like inspirerande å høyre denne lydboka, som er lese av forfattaren sjølv. Det er så mykje fokus på pengar og knappe ressursar, KI og vurderingsmåtar no for tida, så då var det godt å høyre nokon reflektere over møtet mellom lærar og elev, som trass alt burde vere det aller viktigaste fokuset.








