søndag 18. januar 2026

Januar så langt


Det nye året starta med sprengretting og sprengkulde. Eg hadde ikkje fått ferdig alle bunkane før jul, så det vart hard jobbing etter at gjestane reiste. Kulden førte til ein del bekymring for glatte vegar og mogleg frost i rør, men eg hadde heldigvis mykje strøsand att frå i fjor og nokre triks i bakhand for å hindre frosne rør. Bilen min var på verkstad i to veker fordi dei venta på ein del, så nyåret starta også med ei saftig rekning, men også med ein bil som fungerer. 

Då eg hadde retta ferdig, gjekk Bladfyken og eg ein lang tur i Remmedalen utanfor Eid, og det var så kaldt at vi sleit med både pust, tær og hud. Det var truleg kaldare der enn på sjølve Eid, og der var det kaldare enn heime. Noko feilval av turmål, altså. 

Attende på jobb var det kjekt å møte att elevar og begynne på nye tema, men knallhardt å skulle snu døgnet att. Det tok nokre dagar før politikken starta opp att, men no er også den attende til ein slags normal. Ein fest i nabolaget liva litt opp i tralten - det er ikkje mykje eg har sett av naboane siste tida, og i sprengkulden held ein seg mest inne. Men så vart det mildare, isen begynte å smelte og ein såg langt lysare på livet.

Sist fredag hadde eg frifredag, så då tok eg meg ein tur til Ørsta. Mamma og eg hadde kaffislabberas først, deretter tok vi oss ein tur på ALTI, der eg kjøpte meg nokre nye handdukar på sal (ingen storhandel, altså). Det var lenge sidan eg hadde vore på anna enn matbutikk, så det var kjekt å sjå seg litt rundt. Deretter gjekk vi på café, så slapp vi å lage oss middag.

I går, laurdag, gjekk Bladfyken og eg tur att. Denne gongen køyrde vi litt opp i høgda ved eit ridesenter utanfor Eid, for sola skein oppe i høgda. Etter nokre svingar hit og dit enda vi opp ved vegen til Harpefosssen, der vi gjekk ein lang tur i sola. Som bonus fekk vi sjå ein nydeleg solnedgang som eg ikkje foreviga, og deretter vart vegen attende til bilen svært glatt. Charlie hund har halta litt i det siste, men han vart slett ikkje verre av å gå tur, og det var no veldig bra.

I dag har eg ein typisk søndag med husarbeid, sløving, eigenpleie og skulearbeid. Eg er nokolunde i rute med det meste, bortsett frå husarbeidet. Dess meir eg strikkar, dess meir rot og støv blir det, så eg må ta meg litt saman og rydde i strikkesakene mine. Det er no fire veker sidan sola snudde, her er nokre få plussgrader og eg ser lyst på livet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar