onsdag 12. mars 2008

Teacher Man


Etter eit par timar i solveggen har eg avslutta den sjølvbiografiske trilogien til Frank McCourt. Denne siste boka gir eit illustrerande bilete av high school-livet i USA, og ein får både gode råd og episodar til ettertanke. Den raudøygde fattigguten er i denne romanen blitt lærar, og mot slutten pensjonerer han seg for å få tid til å lese bøker og kanskje skrible litt i notatbøker. Det er utruleg rørande å tenkje på at han seinare mottok Pulitzerprisen for "Angela's Ashes". Og så er det rørande å lese om elevlagnader og undervisningsopplegg som tek andre retningar enn først tenkt.

6 kommentarer:

  1. Eg trur eg vil lese om att denne boka, for mykje av den las eg ei søvnlaus natt på Rica Hotel i Hamar.
    Men eg fekk i alle fall med meg at det var ei god bok, om ein lærar som etter kvart fann sin stil etter å ha prøva og feila.

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje det blir så bra på norsk som på engelsk. Der er ein del sosiolektar frå New York som eg har stor glede av, og det er vel vanskeleg å omsetje. No skal eg begynne på Haruki Murakamis "Norwegian Wood". Er så heldig å ha bibliotek på jobben, og ein bibliotekar som anbefaler bøker til oss.

    SvarSlett
  3. Den boka har eg ikkje lese. Spent på om du likar den. Eg er heilfrelst på HM etter Kafka på stranden.
    Når det gjeld sosiolektar i New York er eg fullstendig blank!

    SvarSlett
  4. Ja, det var no du som hadde tipsa meg om namnet. Bibliotekaren skal kjøpe inn "Kafka på stranden".

    SvarSlett
  5. Eg har lese Norwegian Wood utan å bli begeistra. Lærer`n likte eg svært godt. Eg las den på norsk. Boka i midten har eg ikkje lese.

    SvarSlett
  6. Boka i midten var den eg likte minst.

    SvarSlett