onsdag 12. mars 2008

Fridag


I dag har skulearbeidet fått ligge til kvelden, for veret har vore så nydeleg. Sola kjem ikkje på garden før nærare 13.00, så vi gjekk tur med bikkjene til skogsvegen, der sola kjem før 11. "Vi" var i dag hundane, nummer 3 og 4 og eg, og ungane hadde med seg syklar. Eg hadde sett i gang "maskinparken" med klede og oppvask før vi gjekk ut. Vi kom heim litt før sola kom, og då nytta eg tida til å lage ein enkel lunsj medan ungane henta fram nokre møblar vi kjøpte i fjor. Vi har eit lite hjørne mellom overbygget på oppsida og plattingen, og der var det akkurat plass til eit bord og to lette stolar. I den kråa er det lunt og fint, og vi fekk nyte livet der ei stund før det skya over. Minstemann meinte dei burde få bade i basseng i hagen, eller i alle fall få gå berrføtt, men fjella er framleis dekte av snø, så vi må ikkje bli overmodige heller. Då nummer to kom heim frå skulen, hadde vi posesuppe til middag med lovnad om vaflar etter solnedgang. Det gjeld å nyte dei augeblikka ein får når dei er der, i staden for å skulle vere superhusmor først og så gå ut. Då er det oftast for seint.

5 kommentarer:

  1. Ja, det gjeld å nytte tida til fornuftige ting, som t.d. å vere ute i fineveret.Men før eg kom meg så langt, var sola vekk!Så i dag vart det ingen middagslur på altanen.Føremiddagen nytta eg til kakebakst, for første gong etter jul. Har ikkje ete opp kakene eg bakte før jul enno, heller.

    SvarSlett
  2. Då sola vart borte, hadde eg rikeleg med tid til å vaske klede og gjere skulearbeid. Når sola skin, er det berre å kaste alt anna. Arbeidsplassen min ligg på den mest solrike staden i Volda, trur eg, så eg går nok inne og ser ut på solskinet.

    SvarSlett
  3. Eg laga forresten vaflar med ein del speltmjøl i. Sjølv syntest eg dei var litt seige, men ungane sa dei var gode. Frisk luft gir god matlyst.

    SvarSlett
  4. Kleda og rotet er der som regel når ein kjem inn att, så det er ingen fare. Grip dagen! Speltmjøl har eg ikkje bestemt meg for om eg skal satse på. Elles er vi usamde her om fullkornspasta. Coop-kjeda har rimeleg økologisk fullkornspasta. Då går no grovprosenten i kosthaldet opp med ein gong her i huset i alle fall.

    SvarSlett
  5. Fullkorns pastarør synest eg er godt.

    SvarSlett