fredag 14. mars 2008

"Piker, vin og sang"


Folk på jobb reagerer med overrasking når eg fortel at vi i den vesle heimbygda mi har ein oppegåande vinklubb. Særleg viss eg nemner talet på medlemmer. I kveld er det min tur å vere vertinne, og på menyen står indisk kyllinggryte og diverse vinar frå Italia og Portugal. Internasjonalt må det vere, når 11 bygdedamer møtest. Vi starta vinklubben hausten 2000, då eg nyleg hadde flytta hit, og vi har treff om lag ein gong i månaden. Då vi starta, valde vi namnet "piker, vin og sang", men vi har ofte vitsa om at vi burde ha skifta namn til "Vinklubben Clearblue". Rykta går temmeleg fort viss ein uteblir frå klubb utan gode grunnar. Mann og barn har rømt frå huset, og eg ser fram til ein hyggeleg kveld med mat, prat og høg latter. Legg merke til hønene på bordet - dei er symbolske. Elles er ikkje borddekking mi sterkaste side - det heller.

4 kommentarer:

  1. Borddekkinga er vel OK ?
    Men til fargane elles høver det vel best med kvitvin? Eg har fått eit blad på "Amfi" som heiter Vinbladet med VINKLUBBTIPS, men her i gata har vi ikkje noko så eksklusivt. Går ut frå at de har dette bladet sidan ei av medlemmene jobbar på Polet?

    SvarSlett
  2. Borddekkinga er flott. Eg hadde fått prestasjonsangst viss eg skulle sette saman mat og vin. Spesielt viss der er vinekspertar. Men ein får vel spørje på polet.

    SvarSlett
  3. Eg synest du har dekka svært fint! Portugisiske vinar er best, synest eg! God Påske!

    SvarSlett
  4. Eg har skikkeleg prestasjonsangst når det gjeld pynting. Vin og mat er eg betre på. "Vinbladet" har eg, ja, men problemet er at betjeninga på polet i Volda ikkje er heilt på høgda. Eg spurde om det var ein ny raudvin eg hadde funne, for det var liksom litt av temaet for denne klubben, men då svara ekspeditøren: det står no 2006 på den.... HALLOOOO?

    SvarSlett