25. juni reiste vi til Madeira. Vi budde på eit fantastisk anlegg som heiter Dreams Resort, der vi levde i den største luksus med all inclusive. I tillegg til bading og avslapping på anlegget vart det tid til Levadavandring (turstiar i samband med vatningskanalar, som det er svært mange av på Madeira), vandring i nærmiljøet ved hotellanlegget, turar rundt på øya og gondoltur og besøk til den botaniske hagen på fjellet Monte ved byen Funchal. Vi hadde mange opplevingar, men òg tid nok til å bli solbrende. Buffet tre gonger for dag vart det òg høve til, og i tillegg fekk vi smake Poncha og Sangria, sjå VM-kampar på storskjerm og i det heile kose oss. Øya kan anbefalast på det varmaste, sjølv om det ikkje var strålande ver alle dagane.

