søndag 2. mars 2008

Ein norsklærars sikraste vårteikn



28. februar var ein merkedag for mange - blant anna mine 28 norskdisiplar og meg. Då var det nemleg innleveringsfrist for særemna deira. I lengre tid har dei lese og streva med å finne stoff om det dei skulle skrive om og deretter prøvd å formulere vettuge setningar i veldisponerte oppgåver. Sjølv har eg gått rundt med ei irriterande roleg maske og leika analyseguru. 17 av dei 28 leverte før helga, og her sit eg, ikkje lenger roleg, men framleis irriterande. Kvart særemne tek om lag 1 1/2 time å lese og vurdere, og laurdag kom eg meg gjennom 7. Då var klokka 0.30. Ikkje det at eg hadde sete heile dagen - det skal eg ikkje skryte på meg - men eg sat lenge. Eg måtte ha ein TV-pause for å presentere meg for ungane, som eg ikkje hadde sett særleg til, og så måtte eg sjølvsagt lese for dei på senga. Vi held på med den første boka i serien om Anne frå Bjørkely; ei bok som fell i smak hos oss alle, sjølv om minstemann truleg ikkje forstår noko særleg i og med at der verken er bilar, båtar eller tog. Eg har ein glimrande idé til særemne, forresten: samanlikning av bøker der hovudpersonen er ei jente med raudt hår og fletter. Fram til eg får det drøymesæremnet i hende, får eg kose meg med mine 28 om hekseprosessar, fødselsdepresjon, fantasylitteratur, Ellingfilmane, Anne B Ragde, Nynne-bøkene, krimbøker, forbodne bøker, etc etc etc i det uendelege.

5 kommentarer:

  1. Eg er for gammal til å ha sett filmen om Anne frå Bjørkely. No har eg lese om ei på ein blogg som var med i ein AfB-klubb (engelsk) kombinert med strikking. Då fekk eg så lyst å lese desse bøkene på engelsk... Noko å anbefale for ei over 50? (som ser Huset på prærien på dvd...)

    SvarSlett
  2. For eksempel Pippi!
    Den første (og einaste?) "feminist" eg har identifisert meg med.Kan enda hugse gleda som sprudla i meg då eg las den første Pippi-boka for nærare 60 år sidan.Ho gjorde alt som var heilt utenkelig for snille småpiker den gongen.Anne frå Bjørkely har eg aldri lese.Kanskje eg skulle.....

    SvarSlett
  3. Anne... er absolutt å anbefale - både for dei over 50 og nærare 70. Eg har ei facebook-venninne (ja, eg er der òg) frå Ontario, og ho har vore på Prince Edward øyene i rein begeistring over bøkene. Anne minner meir om Emil enn om Pippi, eigentleg, og ho er heller ikkje ulik Laura Ingalls. På jobben vår har vi allereie ein Jane Austen klubb, men kanskje vi kunne utvide repertoaret litt? Les dei på engelsk viss de treng eit alibi...

    SvarSlett
  4. Kunne godt tenke meg å friske opp engelsken. Det trengst. Kva heiter bøkene på engelsk? Bibliotek eller paperback?
    Elles ser eg at eg har skrive Si i staden for Oui på kommentaren til bildet av Bau-slik er det når ein kan så mange språk (IRONISK)!

    SvarSlett
  5. Serien er på seks bøker og heiter "Anne of Green Gables" på engelsk. Vi har hittil berre kjøpt den første boka, på norsk.

    SvarSlett