tirsdag 6. mai 2008

Wunderschönen Monat Mai


Etter mitt syn er mai den finaste månaden på desse kantar. Fargane er så intense, spesielt viss det kjem ei regnbyge, og kveldane er lyse og fylte med fuglesong. Enno har ein håpet om ein vakker sommar å sjå fram til, og kvar dag bringer nye blomar og andre små vårteikn som gjer kvardagen lettare. Med to rettebunkar liggande burde eg halde meg heime, men det vart skogstur både i går og i dag. Restane smakar ekstra godt etter ein slik tur, og no har vi snart ete opp det vi lagra i kjøleskapet. Frysarane er fulle, derimot.

I bakgrunnen ser de Keipen igjen. Eg er litt opphengd i det fjellet. Kanskje blir det ein tur i år? Som sagt: enno har ein håpet...

1 kommentar:

  1. "Jeg velger meg april", skreiv du tidlegare. Det skreiv Bjørnson også i si tid. Men som norsklærar veit du at han ikkje meinte det. Det var eit bestillingsverk. Når mai er slik som no kan ein ikkje finare ha det.I går drakk eg kaffi på Mylna,sat ute og såg utover Voldsfjorden !!!!

    SvarSlett