lørdag 31. mai 2008

Fødd pessimist

Mange har like stor glede av å sjå fram til noko som sjølve det å oppleve det. Eg gler meg sjeldan til noko. Ikkje skikkeleg, i alle fall. Viss eg skal på noko som eg eigentleg trur vil bli kjekt, stålset eg meg sjølv og tenkjer at noko kjem til å skjere seg. Oftast gjer det ikkje det, og festar og reiser m.m. blir mykje kjekkare enn eg hadde tenkt på førehand. Då kan eg verkeleg la meg rive med, og minna etterpå vert dobbelt så gode fordi eg samtidig er letta over at det gjekk betre enn venta.

Etter konfirmasjonen bestemte eg meg for å lag ein skikkeleg fest i høve det komande jubileet mitt. Det skulle vere ein laid-back fest utan stress og styr, med papptallerkenar og serviettrestar frå konfirmasjonen. No er snart dagen komen, og for første gong på lenge gler eg meg skikkeleg. Sjølvsagt er eg spent på korleis ei forsamling med vener og kjende frå ulike stader og miljø vil fungere, men eg har stor tru på at dette blir eitt av dei store høgdepunkta i år. I dag har eg laga mat og kosa meg med det medan eg har tenkt på alle som skal kome og kor kjekt det skal bli.

Denne nyvunne optimismen skremmer meg ikkje så reint lite, og inst inne tenkjer eg at når eg for ein gongs skuld gler meg grenselaust til noko, så MÅ vel det bli heilt mislukka?!

3 kommentarer:

  1. Eg kan ikkje forstå kven du er lik!!Hmmmmm
    Du får trøste deg med det at skulle det mot all formodning skjere seg, så har du i alle fall hatt glede på førehand. Eg er sikker på at det vert kjekt!Lykke til.
    40-årsdagen min vert aldri gløymd av mine venner! På grunn av ALEXANDER KIELLAND-ulykka!Eg feira dagen min dagen før dagen, og slik gjekk det.

    SvarSlett
  2. Og eg skal feire 20 dagar før? Korleis skal dette gå?

    SvarSlett
  3. Festen var kjekk, den. 70 gjester og masse mat. Gode venninner laga nydelege kaker og salatar m.m. Og så fekk eg mange fine og kjekke gåver og gåvekort som eg skal kose meg med vidare.

    SvarSlett