tirsdag 20. mai 2008

Bride and prejudice


Livet er liding, ifølgje Buddha. Personleg har eg vore litt einig siste veka, då eg har vore plaga med sykje. Eg har slept meg på jobb dei siste dagane, og ungane har vore sjuke på skift. Eldste og yngste barn låg sjuke saman med meg i helga, så det var berre halve familien som feira 17. mai i år. Norskelevane mine skal kjempe seg fram til eksamen torsdag og måndag, så no har eg hatt gode timar eit par dagar. Russetida er over, alvoret har begynt - akkurat slik eg likar det best. Men i engelskklassa har vi hatt eit morosamt prosjekt i det siste. Vi såg først filmen "Pride and Prejudice", basert på romanen med same namn - av min tidlegare nemnde favoritt Jane Austen. Rett etterpå har vi no sett "Bride and Prejudice" - ein slags Bollywoodvariant av den førstnemnde filmen. Av og til er det befriande å sjå nydelege menneske som får kvarandre til slutt, flott dans, fargerike kostyme og høyre fengande musikk. Fin opplading til kveldens Grand Prix semifinale...

6 kommentarer:

  1. Godt at du minte meg på det!. Men eg skal sjå Frustrerte fruer midt inni. Har sett alle songane før. Såg rankinglista på Internett. MIN favoritt, fuglesongen frå Belgia, var ikkje med blant dei ti beste ein gong. Elles så likar eg Danmark. Gammeldags? Ja, men det er eg også.Glamour? Ja, takk!

    SvarSlett
  2. Du får halde oss oppdatert på Grand Prix. Eg har dette av lasset, for mange år sidan.

    SvarSlett
  3. Trasig at de har vore så sjuke, trøysta kan vere at de ikkje har gått glipp av fint vårver.
    17. mai var ein kald fornøyelse. Vi får vone på ein fin sommar!
    Gratulerer med finaleplass i Grand Prix. Det blir meir og meir spekt. seneshow, med ein og annan bra melodi. Eg fekk også med meg "Fra Senja til Serbia", artig jente ho Maria! Fin låt.
    Eidabesta

    SvarSlett
  4. Las nettopp om mgp på nettet. Der var favoritten min, Belgia, av dei som fekk mest poeng. Men dessverre kom den ikkje til finalen. Romania var også bra! Kven dei strikkade "brudene"
    appellerte til veit eg ikkje.Kjekt at Norge er med!I fjor var eg glad dei rauk ut.

    SvarSlett
  5. Artig at du likar Jane Austen, for det gjer eg og. Eg har lese alle bøkene og sett dei fleste filmar og tv-seriar basert på bøkene. Berre synd at ho døydde så ung.....

    SvarSlett