onsdag 7. juli 2010

Bok 31 2010: "Tyvenes by" av David Benioff

Året er 1942, staden er Leningrad. To unge menn møtest i eit fengsel, og dei fryktar begge å bli avretta neste morgon. I staden blir dei sende ut på eit spesialoppdrag: dei skal skaffe eit dusin egg til ei bryllaupskake.

Dette er ei god bok etter mitt syn. Det historiske bakteppet er interessant, og personkarakteristikkane er minneverdige. Handlinga kan vere både vulgær og grotesk, men mest av alt er det ei fin skildring av forhold mellom menneske.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar