lørdag 3. juli 2010

Gratulerer, Systa!

Systa mi er fem år eldre enn meg - ein enorm aldersskilnad i ung alder, men ikkje all verda når ein blir vaksen. Likevel har ho for alltid etablert rolla si som flinkast og klokast i mine auge, utan at eg kan hugse noko misunning eller sjalusi knytt til det. Eg seier av og til, bak hennar rygg, at det ikkje er noko poeng i å krangle med henne, for ho har rett. Det kan ha med storesyste-rolla å gjere, men i tillegg har ho alltid vore svært fornuftig. Samtidig manglar det ikkje på verken interesser eller humor, viss nokon skulle finne på å synast dette høyrest litt kjedeleg eller prektig ut. Ho er dessutan raus, og serverer dei lekraste måltid når ein kjem på besøk.
 
Vi gratulerer så mykje med dagen!

1 kommentar: