søndag 18. juli 2010

NM i fjordhest, Ørsta

Veslejenta og eg tok oss ein tur på byen for å kjøpe kaninbur, og enda opp blant publikum på NM i fjordhest. Det var nydeleg publikumsvêr denne dagen, og artig å sjå presisjonskjøring med hest og vogn. Eg oppdaga ein tidlegare elev frå førre skuleår som sat på i ei av vognene. Dette må vere ein artig og tidkrevjande hobby!

1 kommentar: