torsdag 22. mars 2012

Vårteikn: fuglesong, snøsmelting og prøvebunkar

Bloggen har ikkje blitt oppdatert sidan tysdag morgon på grunn av ekstremt tregt Internett i heimen, så det er på tide med ei lita oppdatering.

Tysdag etter jobb tok eg meg ein tur til frisør, deretter på TREN, for så å stresse rundt i butikkar saman med dei tre yngste og Barnefaren. Vi enda opp i Ørsta, der vi avslutta shoppingrunden med pizza på den tyrkiske restauranten (noko eg heilt sikkert hadde fotografert dersom eg hadde hatt kamera).

Seinare på  kveld retta eg 1/3 prøvebunke, før det vart tv-kveld og total avslapping resten av kvelden.

Fri-onsdagen starta med retting av 1/3 prøvebunke, før eg tok med dei to yngste til frisør i Volda. Også denne dagen vart det tid til noko shopping, blant anna kjøpte eg ei øskje med Hardangerbestikk (Silje) på tilbod. Eg har tidlegare begynt å samle på Carina, men det er sjeldan eller aldri på sal. Der og då bestemte eg at det er fullt mogleg å kombinere dei to mønstera. Tilbodet var for godt til å gå frå, og vi var leie av å ha bestikk berre til seks personar.

Seinare på dag vart det høve til ein gåtur for Gamla medan dei to yngste var på fotballtrening. Det var vårleg ute, med fuglesong og brusande bekkar, og for første gong i år var det dagslys under heile treninga, som slutta 18.45.

Når eg til slutt tek med at eg om kvelden retta 1/3 prøvebunke, kan matematikkgenia blant dykk trekkje ein konklusjon når det gjeld den bunken. Eg har to til liggande på vent, og eg håpar på å få dei ut att før påske. Etter påske kjem heildagsprøvane ramlande inn, i tillegg til praksisrapportar og munnlege framføringar. Eit sikkert vårteikn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar