lørdag 24. januar 2015

Bok 8 2015: "Vinternoveller" av Ingvild H Rishøi

Denne vesle boka inneheld tre noveller, som alle har det til felles at dei handlar om menneske eit stykke nede på den sosiale rangstien. Den første novella handlar til dømes om ei aleinemor som har så lite pengar at ho ikkje har råd til dei enklaste ting. I den andre møter vi ein far som har sete i fengsel, og i den tredje er det ein søskenflokk på flukt som er hovudpersonane. Born er sentrale i alle tekstane.

Novellene er gode, men den første er etter mitt syn klart best. Skrivestilen er enkel, men aldri banal, og tekstane rører utan å vere sentimentale. Rishøi har fått mykje ros og fleire litterære prisar for bøkene sine, og eg har stor tru på at dette er ein forfattar vi vil få sjå mykje til i åra framover. Kanskje representerer ho eit nytt fokus på sosialrealisme - det har eg i tilfelle ingenting imot.

1 kommentar:

  1. Eg har ikkje lese denne enno, held på med den eg kjøpte på Clas- og det går smått. Kjekk at du likte novellane, som eg sende med deg uspurt.

    SvarSlett