Siste vekas hendingar i Paris har sett sitt preg på dei fleste, og i dag fekk eg høve til å ta opp ytringsfridom som tema i to klasser i norsk. Eg brukte ulike utgangspunkt, men hadde mellom anna med bilete frå massedemonstrasjonane i Paris og ein artikkel frå desember om ein mann som var så lei seg fordi ein i eit radioprogram hadde gjort narr av menneske med Downs syndrom.
Kort oppsummert meiner ungdomane dette:
- Ytringsfridom er bra, men ein skal ikkje gå inn for å krenke andre
- Det må vere lov å seie ifrå dersom ein kjenner seg krenka
- Offentlege personar må vere budde på å bli latterleggjorde og hetsa
- Det er viktig å utfordre grensene for kva som er akseptabelt å spøke med, for samfunnet er i endring
- Det finst tabuemne, som til dømes 9/11, 22. juli og dødelege sjukdomar, som ikkje er greitt å spøke med i det offentlege rom
- Ein kan snakke om mykje med gode vener og nær familie som ein ikkje synest er greitt i det offentlege rom, som til dømes spøking med sjukdom, personlege eigenskapar eller dumme ting ein har sagt
Ytringsfridom er naudsynt for at demokratiet skal oppretthaldast, men ein kan bruke den klokt.
Gode og reflekterte kommentarar frå lærar og elevar. Sjølv meiner eg at ein ikkje skal spøke med alt, og at ein må "beregne sitt publikum".
SvarSlettEinig.
SvarSlettDei med Downs syndrom kan ikkje ta att sjølve. Eg reagerer alltid på dei som riv seg utover svake grupper.
Elles vil alle lukka grupper ha sin humor ...