mandag 5. januar 2015

Nyttige nissar

Til jul fekk eg supplert eit anna servise. Det før omtala Flora-serviset ser aldeles gyseleg ut på juledukane, så eg har tidlegare ønskt meg og fått koppar og fat med nissemotiv. Denne jula fekk eg serveringsskål og seks små skåler i same mønster. Neste Veslejulaftan skal vi ha graut i desse, og i tillegg har eg planar om å bruke dei til dessert og godteskåler - eller til juletacoen.

3 kommentarer:

  1. Koseleg å ha noko ein kan ta fram kvar jul!

    SvarSlett
  2. Og då må ein bruke det maksimalt- til ALT.

    SvarSlett
  3. Eg likar ikkje å rydde ut den delen av julepynten. Juletreet tok jentene seg av i dag medan eg var på hundetrening, og figurar og lysestakar er òg vekk. Tekstilane og blomane er att, og då blir det nisseservise.

    SvarSlett