torsdag 16. november 2017

Dagen før avreise

Det er regn og ruskevêr non-stop, og bilen såg ut deretter. I morgon skal vi ut på langtur, så då skitnar vi den enda meir til, men eg tok likevel turen innom bensinstasjonen og fekk vaska bilen i dag. I tillegg fylte eg opp att tanken, slik at vi skal sleppe å tenkje på slikt på ei stund. Både Veslejenta og eg har fri frå skulen i morgon, og derfor bad vi fri Minstemann òg, så vi kan reise om morgonen. Vi ser fram til ei kjekk helg, ikkje minst fordi vi skal få sjå og høyre korleis Storegut har det på folkehøgskulen. 

1 kommentar:

  1. Ønsker dokker ein fin tur, utan uhell av noko slag. Hels Storegut frå morfar og mormor. Take care!

    SvarSlett