lørdag 25. november 2017

Ein annleis dag på jobben

Vi har innført "fagdagar" på jobb, noko som vil seie at vi av og til har åtte timar undervisning i eitt fag på fredag. For elevane vil det seie at dei varierer kva fag dei har på fredagane, men at det er eitt fag heile dagen (eller to fag på nokre fredagar). Denne veka skulle eg ha fagdag i internasjonal engelsk, og emnet var Afghanistan, med vekt på det fleirkulturelle samfunnet, historie, konfliktar og dei såkalla "oktoberbarna". Elevane hadde fått ei innføring i dette tidlegare i veka, så då fredagen kom, begynte vi dagen med å sjå "Drageløperen". Deretter rydda vi rommet og møblerte med småbord og fleire stolar, før eg la på serviettar og tok fram peparkaker og mandarinar. Etter lunsj fekk vi nemleg besøk. Ein eg studerer saman med er lærar for ei gruppe gutar der dei fleste kjem nettopp frå Afghanistan, og desse hadde vi invitert til oss for å kunne fortelje litt om seg sjølve og småprate med elevane mine (som i seg sjølv er ei gruppe med elevar frå fleire land, der ikkje alle er like gode i norsk). Eitt av læreplanmåla handlar om kulturell kommunikasjon, og dette fekk dei øve på i praksis.

Eg var frykteleg spent på korleis møtet ville bli, men elevane tok det svært fint. Nokre syntest det var veldig "kleint", spesielt i starten, men det gjekk betre etter kvart. Etterpå var fleire av mine elevar svært oppglødde, og nokre sa dei hadde vore på gråten ved tanken på at nokre av dei dei snakka med ikkje visste om dei fekk bli i Noreg. Det tok tid å finne noko ein hadde til felles, men konklusjonen var nok at dei opplevde at dei var meir like enn dei hadde trudd, med unntak av at desse gutane ikkje ville seie så mykje om familien sin eller oppveksten. Dei kunne seie litt om klimaet i landet og slikt, men det var langt lettare å få dei til å fortelje om møtet med Noreg.

Eg er oppteken av at elevane skal lære med hjartet, ikkje berre med hjernen (eitt av mine tallause floskel-mantra), og denne fredagen oppnådde eg akkurat det.

1 kommentar:

  1. Dette høyrdest veldig interessant og lærerikt ut. Når eg tenkjer på mi eiga skuletid, har det skjedd ein revolusjon innafor undervisning i vidaregåande skule. Og takk for det.

    SvarSlett