Tjue år etter at trilogien om Dina var avslutta har forfattaren skrive ei fjerde bok i serien. I gravferda til Dina held barnebarnet Karna ein avslørande tale som verkar så traumatisk på henne at ho sluttar å snakke. Stemora Anna tek henne med seg heim til København for å få henne betre, og dermed får ho også fysisk avstand til ektemannen Benjamin. Etter kvart som Karna får terapi, blir Anna betre kjend med legen som har mest med henne å gjere. Forholdet utviklar seg, og Anna blir i tvil om kva ho skal bruke livet sitt til. Er det for seint å drive med musikk? Er det for seint å bli mor? Kan ho utdnne seg til sjukepleiar? Spørsmåla er mange, og den som les, får sjå.
Eg synest boka var heilt ok underhaldning, sjølv om eg ikkje såg noko anna grunn til å skrive ei bok til i serien enn å fornye interessa og selje fleire av dei gamle bøkene. Wassmo har skrive mange bøker, og akkurat denne serien skil seg ut ved å portrettere sterke kvinnelege personlegdomar i eit melodramatisk miljø. Min favoritt for tjue år sidan var den andre boka i serien, "Lykkens sønn", fordi eg syntest den var mest heilstøypt komposisjonsmessig. Det er nesten litt freistande å leite serien fram att, så på den måten har denne nye boka hatt ein viss påverknad,
Eg fekk også lyst å lese om att dei første bøkene, men denne boka gjentok så mykje at det gjekk an å lese den separat. Ikkje det beste Wassmo har skrive.
SvarSlett