søndag 22. september 2019

Bok 46 2019: "Byens spor" av Lars Saabye Christensen

Klok av skade har eg denne gongen venta med å lese til heile serien er ferdig skriven, sjølv om eg har hatt veldig lyst.

I første band av trilogien "Byens spor" er vi i Oslo like etter krigen. Vi møter ein ung familie på Fagerborg og menneska rundt dei. Boka vekslar mellom å fortelje om desse personane og å referere frå møte i Røde Kors. Boka gir såleis eit grundig innsyn i korleis det var å leve i etterkrigstidas Oslo, og det er både ei god forteljing, interessante personar og ei forteljarstemme med både humor og empati. Kim Haugen les på ein fantastisk god måte, så dette var ein litterær fest. Eg begynte straks på nummer to, men må nok lese den tredje på papir.

1 kommentar:

  1. Saabye Christensen er ein av mine absolutte favorittar, så eg gler meg til å lese desse bøkene. Eg er også interessert i vår nære historie, der eg sjølv er med. Dvs. etterkrigshistorie frå Norge.

    SvarSlett