Fredagen kom med jobblunsj, talar og prat i eit par timars tid. Vi har hatt eit strevsamt jobbår, og det var på høg tid med ferie. Etter lunsjen stakk eg bortom mamma ein times tid medan eg venta på flyet til Eldstejenta. Det landa, og det var sjølvsagt fantastisk å få henne heim for første gong sidan jul. Oslobyen har vore utrygg gjennom heile pandemien, men ho har gått klar, heldigvis. Vi handla litt og henta Veslejenta før vi reiste heim. Der hadde Storegut teke kantslåtten og laga nydeleg vegetarlasagne, så vi fekk oss eit godt måltid. Han skulle besøke ein kompis, men vi damene gjekk oss ein tur med Charlie innover bygda, såpass vi fekk litt trim. Det er eit mål for sommaren å trimme ein del.
Og så fekk sjølvsagt Eldstejenta ny genser - ein ny chunky Dahlia, men mindre, og strikka på tynnare pinnar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar