torsdag 29. mai 2008

Historia om ein rododendron


Då nummer 3 vart fødd, delte eg rom med ei hyggeleg dame som viste seg å vere frå nabobygda her (vi budde ikkje her då, så eg hadde aldri møtt henne før). Då vi eit år seinare mangla barnehageplass, spurde eg denne dama om ho kunne tenkje seg å passe jenta vår. Dette førte til to gode år for to etter kvart gode vener. Jenta vår fekk vere med på kalvefødslar, og ho drakk skikkeleg heilmjølk medan ho var der. Då dagmammaen skulle slutte å passe, kjøpte eg ei rododendronbuske som avskjedspresang. Buska var delvis avblomstra då eg kjøpte den, og dei siste, visna klasane datt av på veg heim frå butikken. Dagmammaen fekk dermed ein litt merkeleg presang; ei buske utan blomar og ein visna blome. Eg sa då at denne buska kom til å bløme kvart år når ungane våre har bursdag - og jammen har eg hatt rett. Rododendronen er no fem år og har blitt til ei stor og kraftig buske med utruleg flotte blomar. I dag kom dagmammaen med ein fin bukett då ho henta sonen sin i selskapet vårt. Ho fekk forresten jobb i barnehagen der nummer 3 fekk plass då ho var tre år, og ho jobbar der enno og tek seg godt av nummer 4.

3 kommentarer:

  1. Eg fekk vite noko om Rododendron i går som eg ikkje visste før. Og det er at dei lyse sortane er lettast å få til. Kanskje det stemmer,for Solveig sine lyse ser ut til å trivast godt.Vi har berre ein, og den er mørkeraud. Noko som eg sjølv har merka meg er at dei trivst godt ute ved kysten.

    SvarSlett
  2. Det er ei fin historie om dagmamma og dei to borna+ ein rododendron.I grunnen er det fint med plantar som minne viss dei berre ikkje visnar. Eg har ei kjeglegran som eg fekk med elevane mine då eg slutta. Den veks og trivast. Håper elevane gjer det same.

    SvarSlett
  3. Eg har ikkje tatt meg råd til å hauste av min gule, men det kan vi gjere neste helg!

    SvarSlett