


Noko av det ein måtte venje seg til då ein flytta på landet, var basarlivet, med alt det inneber av åresal, matsal og underhaldning. I dag var det korpsbasar på Straumshamn, og nummer 3 debuterte saman med dei fem andre som begynte på musikkskulen i haust. Dei var skikkeleg flinke, og korpset var mykje betre enn sist eg høyrde dei. Gubben var som vanleg engasjert i opprop av vinnarnummer, Eldstejenta selde årar, nummer 3 delte ut gevinstar og Gamla selde mat.
Det er eit styr med det, men det har sine sider. Eg tenkjer då mest på barna som blir integrert i eit relativt lite miljø, der alle kjenner alle.Det gir ei viss tryggheit både for barn og foreldre vil eg tru.
SvarSlettSkifta adresse til: www.kosekanin.blogspot.com
SvarSlettDet er no lurt å få alle inn i same korpset....
SvarSlett