mandag 6. oktober 2008

Apropos tørkestativ og bilete utan solskin


Her har vi rolege feriedagar med prøveretting og ungar på sjølvstyr. Plutseleg hadde vi hestar på sjølvstyr òg, og noko måtte gjerast. Gnir gjekk så fint inn i fjøsen att, men Nordavind er litt uberegneleg, så enden på visa var at Eldstejenta tjora han til tørkestativet så lenge. Her åt han seg ein fin runding med saftig haustgras.

4 kommentarer:

  1. Fint bilde og flink hest! Artig å sjå kor fin sirkel han lagar. Nicolai Astrup måla nesten aldri bilde i solskin, det ser ein tydelig på den intense grønfargen han brukte.Det same skjer når ein fotograferer i overskya ver-grønt blir grønare!

    SvarSlett
  2. For ein fin hest! Litt fælt å sjå all snøen på fjelltoppane, men det er lite vi kan gjere med det....Elles synest eg hausten er ei flott årstid! Men LilleMø og eg snakka i går om at det hadde vore fint med ei veke i syden, kanskje det blir ein annan haustferie når barna er større.

    SvarSlett
  3. Det ser ut som det berre er å slakke litt og litt på tauet, så er slåtten i boks.

    SvarSlett
  4. Ja, berre ikkje hesten går feil veg rundt, så!

    SvarSlett