onsdag 1. oktober 2008

Litt kulturelt kaos på tampen av fridagen


Etter ballett-timen i dag reiste Nummer 3 og eg direkte til Mork, der vi såg "Morkakoret går til filmen". Det var ei kjekk og flott framsyning med mykje fin musikk (og gode nynorsktekstar som ein kollega har laga). Møre og Møre-Nytt skreiv om framsyninga i går, og den fekk gode kritikkar. Vi kosa oss i alle fall! På heimveg fekk vi tid til å stikke innom Mix, der eg kjøpte ei plate eg har ønskt meg ei stund: "Death Magnetic" med Metallica. Den fjerde songen på plata har gått ein del på Svisj, og eg får den ikkje ut av hovudet. Noko anna eg ikkje får ut av hovudet, er Bond-songen "For your eyes only", som Morkakoret hadde med i eit medley. Litt variert musikk i dag, altså.

3 kommentarer:

  1. Det høyrdest kjekt ut.Las så vidt litt om det i MN i dag, men er visst heit avvand med å gå på noko som helst.Så eg kom ikkje på tanken ein gong.

    SvarSlett
  2. Takk for skryt! Kjempekjekt at de kom og såg på. Det er veldig artig å vere med i kor og på slike framsyningar, men jaggu er det kjekt når det er over også. Haustferien kjem i så måte på eit fortreffeleg tidspunkt i år, gler meg til fredag ;0)

    Kristin M.

    SvarSlett
  3. Eg tenkjer det må vere vanskeleg å gjere eit utval når det er så mykje flott og illustrerande, men der hadde Morkakoret gjort ein god jobb. Her var eit variert utval, og nokre av arrangementa var utruleg stilige. Samtidig kom det nokre humoristiske innslag innimellom. Dottera mi likte best "Selg heile bilen" (Born to be wild), medan min favoritt var "fem av dei finaste ting" (my favourite things). Særleg teksten.

    SvarSlett