fredag 4. september 2009

Kollegavenninne 30 år!

I går hadde vi maratondag på jobb, frå 8.10 - 18.30. Då høvde det godt å gå ned på kinarestauranten og feire cafébuddy/kollega/venninne K, som er tretti år i dag! Ho er for tida heimeverande med vesleguten sin, men likar å møte att kollegaer og begynne å tenke jobb att. Det er kjekt å vere heimeverande, men dei fleste som har teke ei utdanning har lyst til å bruke den. Og vi kollegadamene har det så triveleg ilag både på jobb og elles - vi kan dele tankar om jobben, om fag og sjølvsagt også om trivialitetar. Skravla går, og både latter og tårer sit laust. Det er fint å ha ein jobb som ein trivst med, og eg synest det er eit privilegium å jobbe saman med så mange supre kollegaer og elevar.

NB: eg skriv dette etter siste undervisningstime fredag.

11 kommentarer:

  1. Eg må innrømme at eg ofte var frustrert etter ein skuledag som ikkje gikk akkurat som eg ville.MEN med åra lærte eg meg ein strategi:Fredag skulle eg vere i godt humør når eg vandra opp att bakkane.Derfor gjorde eg alt eg kunne for at det skulle bli ein bra skuledag, då fekk eg ei betre helg. Gode kollegaer er uvurderlige.Du ser vel serien om Lærerne på NRK?

    SvarSlett
  2. Takk for i går (og alle andre fine kafédatar). Det er fantastisk å vite at etter den koselege permisjonstida, har eg ein givande jobb og ikkje minst fantastiske kollegaer å kome attende til. Snakk om å få både i pose og sekk! Gler meg til framtidige faglege og fullstendig ufaglege samtalar :0)

    K.

    SvarSlett
  3. Besta: eg såg serien no sist onsdag, og der var nokre gode poeng langsmed, sjølv om den samtalen mellom lærar, elev og assistent var litt lite elevfokusert etter mitt syn.

    K: gler meg til du kjem tilbake på jobb, og håpar vi kan gjere alvor av fredagscafé-avtalane våre. Og så gler eg meg veldig til London, sjølvsagt!

    SvarSlett
  4. Eg har gått glipp av den serien, men den ligg vel på nettet eller kjem i reprise.

    SvarSlett
  5. Hadde ein "diskusjon" med min kjære nabo i går. Han forstod seg ikkje på læraren som tok seg av dei minste barna. Forstod ikkje at det måtte slik "dressur" til. Eg beundrer slike som henne, for å oppdra dei minste, er ingen lett jobb.Eg hadde problem med å vere så strukturert som ho er.Spennande serie.

    SvarSlett
  6. Det eg reagerte på, var ho assistenten som gjekk i sjølvforsvar i staden for å legge seg langflat for den handikappa guten som var så lei seg.

    SvarSlett
  7. Kjekt å ha litt fellestid med kollegavenninner! Og at ein har det så fint ilag med kollegaer at ein ynskjer å vere meir saman med dei, det må vere viktig for å trivast i kvardagen, trur eg:)

    SvarSlett
  8. Det blir kjekkare på jobben dersom kollegaene er vener også i fritida, og tonen mellom kollegaene kan vere både sakleg og formell, usakleg og uformell. Å gå på café fredag ettermiddag for å lette på trykket før ein går heim, er ein glimrande vane.

    SvarSlett
  9. Eg ser det kjem reprise i morgon. Dette høyrest interessant ut!

    SvarSlett
  10. Det som er så vanskelig når ein er lærar er at ein oftast må ta situasjonen "på sparket" der og då.Når ein så kjem heim og får tid å tenkje, var det mykje ein ville gjort annleis. Noko ein må lære seg til er å gå tilbake og be om unnskyldning når noko har gått skeis,DET forstår elevane.

    SvarSlett
  11. Det var der eg meinar ho assistenten feila, ved å gå i sjølvforsvar på kvifor ho hadde vore streng i staden for å be om unnskyldning og snakke med guten om kva ho kunne gjere annleis i framtida. Noko av det viktigaste i møte med menneske som har det vondt, er å "gløyme" seg sjølv.

    SvarSlett