onsdag 9. september 2009

Regn og ruskevêr, både her og både der



Frionsdagen denne veka vart for det meste brukt til hus- og skulearbeid, og så gjekk eg meg ein lang tur med ein hund før middag. Alle dei tre heimebuande ungane skulle på fotballtrening, og det var berre Minstemann som hadde fri, så vi stressa ikkje med å kome oss ut på tur i storm og regn.

I kveldinga har vi kosa oss med den nye boka til Maria Parr. Ungane deler, etter eige ønske, rommet til Nummer 3, der to av dei ligg på flatseng og bygger Lego til langt på kveld. Ei praktisk ordning når Gamla skal lese på senga - alternativet ville vere å gå frå rom til rom, eller sitje i døropninga til eitt av roma med opne dører inn til dei andre og praktisere det ein med rette kan kalle høgtlesing.

1 kommentar:

  1. Kjekt at du praktiserer god gammaldags høgtlesing i alle fall.Du må ha fått god oppdragelse! Det gjeld å vekkje interessa for god litteratur tidleg.
    Koselig er det også, både for barn og vaksne.Stå på!

    SvarSlett