mandag 14. september 2009

14. september: Val 2009


For første gong på mange år er eg i tvil om kva eg skal stemme. Skal eg vere taktisk, eller skal eg stemme på det partiet eg er mest einig med? I førre veke skifta eg partitilhøyrigheit under ei valsending, men eg er framleis ikkje skråsikker. Regjeringsalternativet er eg derimot klar på. Slik føyer eg meg inn i rekkja av usikre veljarar: det er ikkje total forvirring, men ei viss usikkerheit knytt til fargenyanse.

2 kommentarer:

  1. Eg har gått gjennom samme prosedyren, men kjem vel til å stemme slik eg alltid har gjort---trur eg.Det er litt dumt på ein måte at det eigentleg er regjeringa vi stemmer på...i mindre grad enn politikken til det einskilde partiet.

    SvarSlett
  2. Ja, og så stemmer vi på lokale representantar, ikkje på leiarane av partiet.

    SvarSlett