lørdag 26. september 2009

Bendit


Nummer 3 deltok i dag på cup att - denne gongen på Volda stadion. Gamla stod ringside og heia i pøsregnet, men det var triveleg å møte kjende - spesielt folk "uta øyane" som eg ikkje ser så ofte. Laget, som er "gutar 9 år", gjorde det heilt greitt på cupen, med ein uavgjort (mot Ørsta), eitt tap (mot Tjørvåg) og ein siger (mot Åmdal). I den første kampen var Nummer 3 einaste jenta på banen, men det takla ho fint. Ein kan sjå på henne at ho tenkjer taktikk og plassering, og ho trivst best som forsvarsspelar.

Ein gong var vi på Folkestad då det var gutakamp, og Eldstejenta og ei venninne måtte steppe inn på gutalaget fordi dei var så få. Då Eldstejenta scora to mål, vart det frykteleg pinleg for det andre laget. Ho har no valt å slutte på fotball, fordi treningstidene kolliderer med dansetimane. Men ho er framleis Molde-supportar, og ho fekk ein billett til ein heimekamp i Molde 18. oktober av veslesystera. Det var ein av gratiseffektane som alle deltakarane på cupen fekk - i tillegg til T-skjorte og hårband.

På biletet ser de Nummer 3 i raud shorts - ho nekta å ha på seg joggebukse fordi ho berre skulle ha på seg Umbro-klede...

3 kommentarer:

  1. Det spørs kven andre som må/vil på Moldekamp.....

    SvarSlett
  2. Ja, eg trur nokon har tenkt ein tanke her... Og så er det ganske mange familiar i bygda som har éin billett - noko som ikkje akkurat monnar.

    SvarSlett
  3. Synest nesten synd på vestlendingar som går der heime i sure-veret, mens vi sat ute i sola og sveitta i dag.Eg er ingen tilhengar av fotball på TV, men born som utfoldar seg på bana og blir spreke og tøffe,DET diggar eg.
    Nr. tre er sikkert ein ntelligent spela og strateg.Good luck.

    SvarSlett