tirsdag 17. november 2009

Filmslakt og kornsirklar

I dag skulle den eine engelskklassen jobbe med oppgåver til filmen "Signs". Det er lett å finne hol i handlinga, tåpelegheiter i forklaringsmodellane og irriterande paradoks. I alle alien.filmar vil det finnast ein "Akilles-hel" som gjer at menneska kan sigre over romvesena. Men....vatn? Kor dumt er det? Intelligente romvesen som ikkje toler vatn burde halde seg vekke frå jorda, og vi var einige om at vi er relativt trygge på Sunnmøre. Og så snakka vi om at menneska sin fantasi er avgrensa av den røyndomen vi lever i - eit interessant tema som òg kunne overførast til norrøn mytologi, som dei same elevane har arbeidd med i norsktimane i det siste.

Eit anna interessant tema som vert teke opp i "Signs", er kor vidt hendingar har ei meining, eller om dei skjer tilfeldig. Filmen har ei klar haldning til dette, og det er spesielt interessant når vi veit at filmen vart laga rett etter 9/11. Mel Gibson spelar overtydande rolla som presten som har mist trua, men som finn den attende når han skjønar at ingenting i livet har vore tilfeldig. Han får såleis ei forklaring på ting som har verka meiningslause; mellom anna konas "dying words". 


Det finst noko vi ikkje kan forklare, og som filmen gir ei mogleg (men lite overtydande) forklaring på. Det er eit særs vakkert og mystisk fenomen. Viss ein først begynner å google "crop circles", kan ein lett bli hekta...

2 kommentarer:

  1. Apropos verdensrommet. Såg du naboen vår på Lokal-TV i dag? Han snakka om "stjerneregnet" (meteorittar?) som skal kome i aust i kveld i 10-1/2 11 tida.

    SvarSlett
  2. Eg interesserer meg forsvinnande lite for verdsrommet, men er levande oppteken av plenklipping - derfor imponerer kornsirklane meg.

    SvarSlett