søndag 15. november 2009

I "Kyrkja" på søndag


Då eg kom att etter ein lang tur med den eine hunden, høyrde eg plystring oppe i fjellsida. Med hjelp frå ein ikkje heilt utlærd sporhund (!) fann eg Gubben og dei tre yngste ved ei bergsprekk. Med litt hjelp greidde Gamla å kome seg inn i "Kyrkja", som er ei hole inne i fjellet. Ungane syntest dette var ein spennande stad, og Minstemann ville vere der resten av dagen, sa han, og så sette han i å synge Indiana Jones-temaet.


Fjellhola skal ha blitt brukt til gøymestad for radio og våpen under andre verdskrig.

2 kommentarer:

  1. Den hola såg kjempespennande ut! Forstår godt at Indiana kunne tenkt seg eit lengre opphald.
    Tankane mine gjekk uvilkårlig til Sula og på HULEN i nærleiken av hyttetomta vår.

    SvarSlett
  2. Ja, holer er spennande! Eg hugsar hola frå Trovågen, sjølvsagt - også den bak/oppom huset til Sigurd. Hilde og eg leika mykje der, og eg forstod aldri kvifor der var vedomn.

    SvarSlett