søndag 15. november 2009

Boka eg ikkje las ferdig: "Patriarkens høst" av Gabriel García Márquez

Det er ikkje ofte eg avsluttar midt i ei bok, eller i ein film. Vanlegvis lid eg meg gjennom berre for å ha forsikra meg om at det ikkje tok seg opp mot slutten.

Eg er ikkje heilt sikker på kva "Patriarkens høst" handlar om, og den er kanskje utruleg spennande mot slutten, men for meg vart dei endelause periodane utan punktum eit sant mareritt å lese. Etter 50 sider bestemte eg meg for å leve etter mottoet "livet er for kort til å lese gørre bøker", stappa boka ned i bibliotekposen min, avslutta mitt prosjekt med lesing av forfattarskapen til Gabriel Gárcia Márquez og leita fram ei bok som eg har gledd meg til lenge...

3 kommentarer:

  1. Med tanke på boka du las ferdig som eg la frå meg, må denne vere trøttande...

    SvarSlett
  2. Meir masete enn trøyttande, eigentleg. Ein blir litt stressa av ikkje å hugse byrjinga av ein periode når ein etter ei side endeleg kjem til punktum...

    SvarSlett
  3. Eg har ein tendens til å føle meg forplikta til å lese ferdig alle bøker eg begynner på.Det skal det bli slutt på. Men eg må innrømme at eg gir lydbøkene ein sjanse...første plata kan vere vanskelig å komme gjennon. Ofte.

    SvarSlett