søndag 27. desember 2009

Tredje juledag: White Christmas


I dag vart det ein nydeleg dag, med nysnø og roleg tempo. Dei tre yngste har leika ute i snøen saman med nabogutane i mange timar i dag, Eldstejenta har gått tur saman med nabovenninna og eg har lufta hundar og gjort ein del husarbeid.

No i kveldinga roar vi ned alle saman, med tv og data i to etasjar, medan snøen lavar ned ute og gir håp om meir uteliv i morgon.

2 kommentarer:

  1. Kjempefint med julesnø både for folk og dyr. Men eg kan tenkje meg litt opplett på køyreturen i morgon. Det er travelt å køyre i snødrev-særlig for sjåføren.

    SvarSlett
  2. Ja, no i kveld var det litt slitsomt å gå òg, når snødrevet kom i augene heile tida. De får ha god tur!

    SvarSlett