tirsdag 29. desember 2009

Femte juledag: uteliv og ferie



Dei to mellomste har vore på overnatting sist natt, og då hadde dei vore svært mykje ute i kulde og snø. Nummer 2 tok seg ein dusj etter middag og enda deretter opp i senga med dataen sin fordi han fraus. Eldstejenta varma føtene hans. Nummer 3 var også frostig, som de ser av illustrasjonsfotoet.

Eg vil minne om at det vert fyrt kontinuerleg i to vedomnar, og at det er rikeleg med ved att i løda.

Gamla sit med ein bunke engelsktentamenar som ho helst vil ha ferdig i 2009...

3 kommentarer:

  1. I morgon skal dei få varm suppe! Beskjed frå kusina:Ta med utekle.

    SvarSlett
  2. Ja, det kan du stole på at vi skal! "Vi glær oss"!

    SvarSlett
  3. Håper dei ikkje blir forkjøla av snøen og utelivet,det ser for øvrig herlig ut.Her har vi vore stuegrisar i dag

    SvarSlett