lørdag 20. mars 2010

Dagens kulturelle: "Alice i eventyrland" på kino

Dagen i dag har vore innhaldsrik. Alle fire avleggarane er blitt flikka på, og etterpå var heile familien på kino og såg "Alice i eventyrland". Dei tre yngste og eg les boka for tida, og den er som ein einaste lang illusjon, eller hallusinasjon. Eg vart derfor positivt overraska over filmen, som minner lite om dei tidlegare teiknefilmane. Johnny Depp spelar sjølvsagt fantastisk, og er ikkje heilt ulik rollefiguren Willy Wonka (i "Charlie og sjokoladefabrikken"). Scenene var dramatiske, skumle og vakre, med fantastisk animasjon. Vi var begeistra for filmen alle saman - til og med Minstemann, som var altfor ung til å vere der (11 års aldergrense).

1 kommentar:

  1. Litt av eit program de har!.Eg hugsar at eg skulle lese Alice i eventyrland ein gong i min barndom, og forstod ikkje bæra, så eg la den bort og har aldri lese den seinare. Kjekt at de likte filmen.

    SvarSlett