lørdag 6. mars 2010

Vinklubb i mars


Fredagskvelden var det vinklubb igjen. Denne gongen var vi berre seks damer til stades, men det var like kjekt for det, og lydnivået nådde nye høgder etter kvart som diskusjonane vart oppheta. Med god mat og vin er det lett å senke skuldrane, og latteren sit rimeleg laust, sjølv om samtaletemaa kunne vere alvorlege nok. Igjen kan eg takke for ein triveleg kveld i godt lag.

2 kommentarer:

  1. Blei litt betenkt over det store "manefallet"....men dei hadde vel rimelig grunn dei som ikkje møtte opp?

    SvarSlett
  2. Ja, det er ikkje alltid det passar så godt for alle - men vi held det gåande likevel!

    SvarSlett