onsdag 24. mars 2010

Smerte-fri-onsdag

I dag skein sola heilt uventa, og då vart det til at ungane og eg tok ein tur på Stigedalen. Vi gjekk inn til Sagesetra, og ungane fann bakkar og hopp som gjorde turen innhaldsrik og morosam. Sjølv sette eg umåteleg pris på å kunne myse mot sola på fridagen. Eg har vore plaga med kink i nakken siste dagane, og har umåteleg stor tru på at sol og mosjon hjelper mot det meste.

Med middagen vel overstått tok vi oss ein tur med hundane innover Geislida.

Heller ikkje i dag hadde eg med kamera på turen, så illustrasjonsfotoa er tekne med mobilen til Nummer 2.

1 kommentar:

  1. Dokke er flinke å vere ute og det er bra.Eg hadde tenkt å legge meg ut på solsenga, men sola var ikkje sterk nok,så det vart ei lita runde med Marit og Rambo i staden.

    SvarSlett