mandag 1. mars 2010

Ragnar Hovland på film

Sist vi var på biblioteket, lånte vi med oss ein film som inneheld tre filmatiseringar av Ragnar Hovland-noveller. I kveld har vi kosa oss med denne filmen - spesielt var "Beat-poetane" morosam. Eg har sjølvsagt sett filmane før, men for ungane var det ei ny oppleving, og dei syntest det var spesielt morosamt å høyre noko som likna deira eigen dialekt på film.

Artig er det også at ein av Beat-poetane er ein pur ung Thomas N Ryste, som no er kjend for "Klypa". Talentet var stort allereie i 1993.

3 kommentarer:

  1. Takk for tipset! Ragnar Hovland er en av mine favorittforfattere, og jeg visste ikke at noe av hans arbeider var filmatisert.
    Ha en flott tirsdag!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  2. Har lese litt av denne forfattaren, men ikkje sett filmar. Klypa, derimot, hadde vi ein heil video av som vi såg.Fekk låne eit opptak av naboen.DEt var ein film som Turid Rogne hadde laga.

    SvarSlett
  3. Filmane er veleigna for store barn og ungdomar, men underhaldande for oss vaksne òg.

    SvarSlett