fredag 5. november 2010

Tankar om kjønn

Etter nokre norskframførngar i den eine norskklassen sat eg att med følgjande spørsmål: kva er situasjonen når det gjeld kjønnsskilnader no i 2010?

I min oppvekst var målet klart: vi ville ha likestilling. Eg var kortklipt og gjekk i bukse det meste av oppveksten, og fargen rosa var fråverande det meste av 1970-talet. Kvinnene vart stadig meir utearbeidande, og mennene tok meir del i oppveksten til ungane og husarbeidet. I ungdomstida mi var det vanleg å gå på kino saman, ikkje at guten inviterte jenta med på "date". Det var sjølvsagt at begge skulle jobbe, ta utdanning og ta del i bygginga av ein heim.

Den store skilnaden mellom kjønna har likevel vore til stades parallelt med at samfunnet har vore "likestilt". Framleis er det slik at ein ved fødslar først lurer på om barnet er velskapt, deretter kva kjønn det er. Identiteten heng såleis nøye saman med kjønn. Vi får forventningar til barnet ut frå kva kjønn det har, kler og pyntar det med klede tilpassa desse forventningane og får passande gåver. Ein jentebaby får gjerne søte små kjolar, medan gutane får dongeribukser. Jenta er "søt", medan guten er "stor" eller "sterk".

Dei siste åra har skilnadene mellom guteklede og jenteklede blitt større blant dei små borna. Leikene er òg ulike. Dette var politisk ukorrekt for tjue år sidan, men "gangbar mynt" i 2010. Pippi har i mange tilfelle blitt erstatta av glitrande Disney-prinsesser, og ein vil bli bekymra dersom ein gut ønskjer seg prinsesser framfor monster. Eg trur det er slik enno at det er meir akseptert den andre vegen, at ei jente er litt tøff og gutete, men ein forsiktig gut kan få problem med å fungere sosialt og blir ikkje sjeldan mistenkt for å ha ei anna legning.

Sjølv vaks eg opp som relativt ujålete og lite prinsesseaktig, og i ungdomen var moten herleg unisex med joggedressar, posete dongeribukser og store gensarar. Eg var kanskje ikkje representativ for alle i min generasjon, men kan ikkje hugse å ha følt meg hemma av vonde skor anna enn ved høgtid og formelle selskap. Dagens unge kvinner trippar rundt på høge hælar både til fest og kvardags. Dei blir bedne med på "date" og får gåver og ringar av friarane sine, i staden for å kjøpe ringane saman når dei trulovar seg. Vi jentene var opplærde til å vere flinke, arbeidssame og sjølvstendige, ikkje berre fine og snille. Tvert imot stilte vi krav til omgjevnadene om å bli tekne på alvor og respekterte. Ja visst var vi meir likestilte - men kanskje miste vi noko av magien i livet. Kanskje har ein ikkje berre ei indre heks, men òg ei indre prinsesse?

4 kommentarer:

  1. Bevisstgjering er eit nøkkelord. At når du tek eit val, så veit du kvifor. Når det gjeld skilnaden i kle, ja til og med ski, rosa eller blå, ja då skuldar eg litt på marknadskreftene.
    Elles så skjedde det noko frå 80 tal til 90-tal på det området. Yngstemann kunne ikkje ha noko rosa slik som brørne!

    SvarSlett
  2. Eg kan skrive under på alt du skriv her. På 60-70 talet spesielt var vi opptekne av å ikkje gjere skilnad på gutar og jenter.Det er berre det at skilnaden er der-og det gikk for langt den vegen.No er det gått for langt den andre vegen.
    Pendelen svingar.

    SvarSlett
  3. Samtidig som vi ser at gutane har lov til å vere "jålete" dei òg - det vert hevda at samfunnet i si heilheit er feminisert. I dette ligg det kanskje òg at det er lovleg å vise kjensler, kose med kvarandre og vise empati blant til dømes klassekameratar av begge kjønn.

    SvarSlett
  4. Viss ein går langt nok tilbake i historia, vil vi finne at mennene har vore ganske jålete til tider, særlig i overklasse. Ludvig den 16. t.d.Say no more.
    En lyt vara som en vart om en itte vart som en sku........Håper det er lov i vår tid å "vere seg sjølv" i alle fall.

    SvarSlett