fredag 19. november 2010

At the end of the day...

Nokre av problemstillingane på jobb denne veka har vore:
  • Kven bestemmer kva som er god kunst - "folk flest" eller ein kulturell elite?
  • Korleis skal ein reagere dersom ein vert utsett for ei kulturell oppleving ein ikkje set pris på?
  • Kor lojal skal ein lærar føle seg forplikta til å vere?
  • Kvifor set vi pris på "reality"-program på tv?

....og ikkje minst:
  • Finst det eit betre yrke enn læraryrket?
Personleg er eg overtydd om at eg har verdas beste jobb med supre og kloke kollegaer som det er interessant å snakke med, i tillegg til elevar som i all hovudsak er hyggelege og oppegåande. Eg føler meg privilegert som får snakke om dikt og noveller, sjå teaterstykke og filmar og diskutere youtube-klipp med Hitlers talar og kunne kalle det "jobb".

God helg, alle saman!

1 kommentar:

  1. Eg er glad for at du er komen på den rette hylla i livet ditt.EIN ting er i alle fall sikkert:Det er aldri KJEDELIG å vere lærar. Når det gjeld retorikk så er det vel ikkje tvil om at Hitler var ein stor retorikar-anten vi likar det eller ei.

    SvarSlett