tirsdag 23. november 2010

Kunsten å få Askepott til å føle seg som ei prinsesse

På privaten daffar eg gjerne rundt i felleskjøpdress str 14 år. Med ullhue og hanskar, skjerf og fjellskor som accessoir, og i tillegg ei rumpetaske med discman i, eit headset på øyrene og ei hovudlykt. Og refleksvest. Ungane er ikkje akkurat stolte av mor si når ho legg ut på vandring i denne habitten.

Så snart eg skal ut blant folk i meir urbane strok, synest eg det er kjekt å sjå litt betre ut. Problemet mitt siste tida er at eg frys, og at eg kasta den gamle vinterkåpa i vår for å unngå at eg brukte den nok ein sesong. Prosjektet har vore å finne ei ny, varm ytterjakke - som i tillegg kunne sjå litt bra ut. Det har seg nemleg slik at eg ikkje tek meg så godt ut i tjukke dunkåper, til dømes, fordi eg rett og slett forsvinn inne i jakka. I side kåper ser eg ut som teskeikjerringa. Sjølvtilliten er ikkje på topp når eg kjøper klede elles heller, men ytterjakker er verst av alt. Å drukne i str 36 er nemleg ikkje det spor hyggeleg, sjølv om eg no har gått opp fleire kilo og ikkje lenger er, for å sitere Storegut, "pittelita og drittynn".

I dag entra eg nok ein butikk, og så tok eg mot til meg og forklarte ærendet mitt. Og der kom dei med den: Kåpa. Dei hadde hatt mange innom som hadde villa prøve den, men ingen så "nett i figuren" (sitat ekspeditrisa) som meg. Eg var altså utvald. Og den sat som støypt på, var perfekt i fargen (ville unngå svart og blått), perfekt lang og perfekt varm. Heile to ekspeditriser måtte beundre meg høglydt og fortelje meg kor fin eg var, der eg kroa meg framfor spegelen. Litt karikert affektert sa eg at "det er liksom noko som manglar - eit nytt sjal", og dei lo og henta fram det eine skjerfet etter det andre, samtidig som dei la ut om kor godt eg kledde kåpa. Eg fall for eit superfeminint blondetøystykke som dei "akkurat hadde fått inn", for blonder er no "heilt meg" - eller? "Nei, no vart du berre utruleg fin", sa ekspeditrise nummer 1, medan nummer 2 sa seg heilt einig, vel vitande om at dei har fått ein ny stamkunde.

Eg vegra meg mot å ta av den nye kåpa og få på den gamle softshell-filla mi - den verka så ussel i forhold - men det var med uvanleg lette steg eg sveva ut av butikken og inn i den neste, der eg kjøpte meg støvlettar i ein mindre feminin og meir praktisk stil. Dei passa kanskje ikkje heilt til kåpa, men dei var på tilbod. Ein må no vere litt fornuftig òg, innimellom.

6 kommentarer:

  1. Gratulerer med ny kåpe. Ja, vi har kvar våre problem når det gjeld storleikar.Men ytterjakker er ikkje det verste EG skal kjøpe. Som du veit kjøpte eg ny på Kongsberg. Tenkte ikkje over kor lasete den gamle var, før eg fekk på den nye. Det kjem ikkje heilt fram ab bildet kva farge nyekåpa di er, men eg får kanskje sjå den i morgon. Elles vil eg anbefale deg DUNjakke til tur etc.Det er i alle fall varmt.

    SvarSlett
  2. Gløymde å seie at støvlettane var tøffe.

    SvarSlett
  3. Den er lilla-aktig. Og dun er deilig, det, men eg kler det absolutt ikkje...

    SvarSlett
  4. Eg synest du er veldig kritisk til deg sjølv ...
    Alt kler den smukke!

    SvarSlett
  5. Alt kler den smukke, men ikkje det tjukke- sa ei barmdomsveninne til meg. Gjett kven som var den TJUKKE?

    SvarSlett
  6. Åååååååååååååååååååååå eg irriterer meg over feila eg skriv---og ser når det er for seint å rette.

    SvarSlett