mandag 15. november 2010

Bok 59 2010: "Over ævne II" av Bjørnstjerne Bjørnson

Stykket er frå 1895, og det er prega av dei politiske trendane i samtida. Ein møter eit bysamfunn der overklassen bur oppe i sola, medan dei fattige, streikande arbeidarane bur i eit inntørka elveleie som berre blir kalla Helvete. Sola skin aldri der - ein symbolbruk/metafor vi hugsar frå  "Granlien" i "Synnøve Solbakken". Nokre av arbeidarane planlegg å bombe byen.

Kvifor eg las dette stykket akkurat no? "Teatret Vårt" har modernisert og sett opp stykket, og alle elevane våre skal sjå det på onsdag. Eg håpar det blir betre enn eg fryktar...

1 kommentar:

  1. Såg parallellen til dette stykket i ein gammal dokumentar frå NY, der dei vellykke jobba i skyskraperane, mens andre budde på fortauet i skyggen av høghusa.
    Slike motsetnader har vel alltid funnest. Dessverre.Og det er slik urett som gjer at "arbeiderane" vil bombe byen.

    SvarSlett