Veslejenta var innom meg på torsdagen slik at hundane fekk leike i hagen. Det var ein nydeleg ettermiddag, og vi kunne sitje på verandaen og slappe av. I dag avtala vi å møtast ved setrevegen på Folkestad, og så gjekk vi saman til Løndalen og attende. Ved fotballbana stoppa vi og sleppte hundane lause så dei fekk springe av seg litt energi. Dei er framleis gode vener, men dei har fire svært ulike personlegdomar. Vi pratar mykje hund når vi er saman, men vi har òg mykje anna på saklista. Torsdag skal vi til dømes på kommunestyremøte.
søndag 13. september 2026
11. september: roadtrip til Stryn
Eg hadde min andre fri-fredag denne hausten, og då passa det godt å fare på tur med mamma. Ho sa det var det same kvar vi for, men så nemnde ho Stryn. Eg begynte å køyre, og då vi kom til Grodås, fann vi ut at vi skulle innom klesbutikken. Vi fann oss noko begge to, og det er no alltid kjekt.
På veg til Stryn køyrde vi innom Sør-Markane, men der var ingen kjende å sjå. I sjølve Stryn vasa vi rundt og såg litt i butikkar, og så enda vi opp på same café som sist, der vi bestilte kyllingkebab. Etter maten var vi eigentleg så mette at vi ikkje gadd meir, men eg køyrde over Krøvelseidet då vi kom til Volda att. Vi er glade i bilturar, og spesielt når ein ikkje greier å gå så langt er det kjekt å kome seg ut og sjå noko anna.Genser nummer 90: Setesdalsgenser med raglanfelling til Bladfyken
Denne genseren er litt historisk, då strikketøyet vart med til Madeira i sommar og vart ståande att i Lisboa og på Gardermoen før det kom heim. Eg kan røpe at det ikkje vart strikka ei maske på Madeira, men eg hadde med spøt for sikkerheits skuld. Strikketøyet vart òg med til Solund, så det er ein bereist genser. Det er andre genser eg strikkar etter dette mønsteret, og no begynner eg å synast det er kjekt og "logisk". Det står att å sjå om eigaren vert nøgd - det er ei 60-årsgåve på førehand.
5. september: tur til Mosetra og Langedalen
Eg har gått fleire gonger til Vallasetra i mine unge år, då dette var den mest nærliggande setra for ein fotgjengar frå Vallabøen. Denne dagen køyrde vi opp til Mosetra (som ligg tvers over elva frå Vallasetra), og så gjekk vi innover dalen til vi ikkje gadd meir, og då gjekk vi over elva og gjekk på Valla-sida ned att til setrane. Fremst i dalen ser ein fantastiske fjellformasjonar, som er baksida av fjella i Molladalen. Det var uverkeleg vakkert med litt haustfargar og mildt vêr. MEN så begynte det å høljeregne, og stien vart frykteleg sleip. Eg datt og slo hovudet/armen/hofta/kneet på venstre side, og gjennomvåt og forslått kom eg attende til bilen. Då ville eg berre heim.
Eg kom frå fallet utan andre mein enn eit stort blått og gult område på eine hofta.