mandag 31. august 2026

21. august: Første fri-fredag dette skuleåret




Eg tok meg ein tur til tettbygde strok for å utføre nokre ærend og besøke mamma. Det regna utan stans, og vi laga oss eit ærend til ein butikk i Volda berre for å kome oss litt ut. Mamma og pappa brukte ofte å gå på kinarestaurant i Volda, så det er ein fin tradisjon å halde i hevd. Vi var der før klokka 17, så vi kunne få lunsjmeny. Det vil seie at ein får ein litt mindre porsjon for mykje lavare pris, og eg kan love at det var nok mat. Vi hadde drukke kaffi med noko attåt før vi for, så vi droppa dessert. Ein fin måte å tilbringe dagen på utan å bli klissvåte! 

Rundtur til Oppstryn, Geiranger og Hornindal


 Laurdag 29. august vart ein mild dag med ein del skyer. Det var siste helga med afternoon tea på Gamlebutikken på Hjelle, derfor køyrde vi til Oppstryn. Eg ville lufte hundane før vi gjekk på café, og brått var vi langt oppe i Erdalen, der vi fann eit nytt turmål. Det gjekk fin, grusa sti i retning ei seter vi ville gå til, men då vi var nesten oppe høyrde vi eit fælsleg brøl som







 var ei blanding av smerteskrik og mordlyst. Det var ei bjølleku som kom mot oss, og bak henne komm det fleire av same kaliber. Vi gjorde kort prosess og snudde nedover stien att, med kyrne like bak. Dei tok oss att då vi var nede ved bilen og sette hundane i bur, og då fekk vi òg snakke med nokre bønder som kom bak kuflokken. Dei skulle jage kyrne attende til garden sin, men kunne òg fortelje at det var fleire kyr på setra som ikkje var henta. Dermed gav vi oss på heile turgåinga og for på café (etter å ha følgt etter kuflokken nedover dalen). Denne gongen var det ikkje fullt så mange gjestar, så vi fekk ein flott plass på terrassen. Vi valde kaffi i staden for te og ein annan sort smørbrød, men elles var måltidet som sist - og like lekkert. 

Etter maten tenkte vi oss ein biltur til Strynefjellet, og så begynte vi å snakke om å køyre ned til Geiranger for å lade batteri. På vegen dit såg vi ei avkøyrsle til Dalsnibba. Der har eg aldri vore, men eg hadde veldig lyst, trass høgdeskrekk. Fjellet er 1500 meter høgt, og det var flott utsikt og nydeleg temperatur i høgda. 

Då vi skulle køyre ned til Geiranger, var det brått frykteleg tjukk skodde, så turen var ikkje noko særleg. Eg foreslo at vi kunne sjekke om det var lenge til neste ferje, og det vart berre ti minutts ventetid. Dermed enda vi opp på fjordcruise mellom Geiranger og Hellesylt. Denne turen har eg tatt fleire gonger, men det var lenge sidan Bladfyken hadde vore der. 

På vegen vidare stoppa vi ved Honndøla bru og gjekk tur med hundane, før vi køyrde ned til Grodås for endeleg å lade bilen. Vi måtte dessutan handle litt mat, og heldigvis var det tjue minutt att før butikken stengde.

Dagsturen vår vart altså litt av ein rundtur, og vi var på tur i nesten 12 timar. Men så vart det også ein kjekk og interessant dag med mange nye inntrykk!

Rovde: Myrkevatnet

Søndag 23. august var det eigentleg meldt fint vêr. Vi køyrde til Rovde og framover Årsetdalen, der vi parkerte og gjekk vidare opp til enden av dalen. Der gjekk vi ei rås opp til høgre i retning Myrkevatnet. Derifrå er det mogleg å gå fleire spektakulære fjellturar, men vi gjekk berre opp på ein liten ås og skulle sjå på utsikta over dei flotte fjella i dalen. brått seig det innover ei grauttjukk skodde, så det vart lite utsikt og litt skummelt å gå ned att utan å sjå. 



Teppe til Bjarne

Eg hadde delvis ansvar for at Bjarne plumpa uti ei elv medan eg passa han, og kjensla av den skjelvande kvelpen vart så fæl at eg bestemte meg for å strikke eit varmt teppe til han av noko mjukt restegarn eg hadde liggande. 


søndag 9. august 2026

Siste feriedag: spontantur til Grotli og Hjelle







Hundedagane mine vart færre enn forventa då Svigerson henta sine hundar tysdag kveld. Det vart stille i huset då dei for, og det var heilt i orden! Onsdag hadde eg sendt bod på Minstemann for å få hjelp med hundepass medan eg var til tannlege, og det enda med at han fekk klipt plenar og høgtrykksspylt veranda og svaberg før han reiste att fredag. Bladfyken var her og saga ned tre m.m., og sjølv var eg som sagt til tannlege og til frisør, og så laga eg vel middag. Elles var det ikkje mykje eg bidrog med. 

I dag er det siste feriedagen, og eg kjende i går at eg måtte finne på noko kjekt siste dagen. Vêret har vore ekstremt stusseleg siste tida, og eg kjende brakkesykja kome snikande. Derfor foreslo eg for Bladfyken at vi skulle ta oss ein biltur. vi tok med hundane i tilfelle vi fekk lyst til å gå tur, men det pøsregna heile vegen til Oppstryn, for å seie det slik. Då fann vi på at vi skulle sjå om det var finare på Strynefjellet, og sette derfor av garde til Grotli. Der var det litt lettare vêr, men heller ikkje der kom ein heilt unna regnet.

Attende i Oppstryn stakk vi innom Gamlebutikken på Hjelle, der dei er kjende for sin "Afternoon Tea". Ein får velje mellom to sortar smørbrød og to sortar kake, og i tillegg fekk ein ein scone med krem og jordbærsyltetøy. Ein får òg velje mellom kaffi og te. Bladfyken heldt av bord medan eg bestilte, og då vart det rekesmørbrød og ostekake, og så valde eg te - sidan det var Afternoon tea. Måltidet var større enn forventa, og alt smakte nydeleg. Det vart servert på gamalt porselen, og i butikken sel dei diverse porselen òg. Eg kjøpte meg eit krus til minne om dagen. Dei sel også brukte bøker, og Bladfyken kjøpte seg ei visebok. Gamlebutikken må berre opplevast, og vi skal garantert attende dit. Der er ikkje ope anna enn i helgane ut august, men det er vel verd eit besøk. 


lørdag 8. august 2026

Genser nummer 89: "Tusseladd" i Sol og Tinde

Sidan regnet ausar ned ute, får ein finne på noko inne. I dag festa eg trådar på ein genser eg har hatt liggande ferdig strikka sidan før ferien. Det er eit visst tiltak med slikt arbeid når ein ikkje har planar om å ha på genseren i nær framtid, men det kan godt hende strikkasesongen begynner tidleg i år. 

Eg har strikka genseren i grønt tidlegare, og då løyvde eg burgunder garn (Sol) som eg brukte i denne saman med kvitt (Sol) og botnfargen turkis (Tinde)

mandag 3. august 2026

11. hundedag: Lisjedalen

 



I dag gjorde vi eit forsøk på å gå rundt vatnet i Lisjedalen, men vi måtte gi opp. Det hadde kanskje gått bra utan hundane, men elvane er svært store for tida, så det kan hende vi hadde greidd det på ei anna årstid eller etter ein tørkeperiode. Det var uansett hyggeleg å gå tur, både for to- og firbeinte.

lørdag 1. august 2026

Bok 22 2026: "De som ser etter tegn" av Britt Karin Larsen



Då eg for ei tid sidan las om historia til di reisande, vart tatertrilogien til Britt Karin Latsen nemnd som bøker som gir gode skildringar av korleis taterlivet utarta seg. I den første boka er handlinga lagd til tidleg 1900-tal, og taterane reiser rundt med hest og kjerre. Ein får lære om kulturen deira og korleis \samhandlinga med bygdefolk utarta seg, i tillegg til trugsmål om fråtaking av born. Kvardagsdrama og romantikk er her òg ein del av. Ei lettlesen og lærerik bok!

Genser nummer 88: "Månebedotten" i Sportsull


I dag tok eg meg på tak og festa trådane i denne genseren, som har lege ferdig strikka i vekesvis. Mønsteret var veldig enkelt og kjekt å strikke, men garnet var ikkje så mjukt at det gjorde noko, og fasongen vart litt ujamn med dei ulike mønsterbordene. Dette kan rette seg etter vask. Av og til kan det vere kjekt å ha ein einsfarga genser i ein nøytral farge, og eg valde lysegrå. Strikkepakken var på tilbod til halv pris, så eg har sjølvsagt garn til ein til.

8. hundedag: Postvegen ved Bjørkedal

 Bladfyken kom og gjekk tur saman med hundane og meg på den gamle postvegen mellom Bjørkedal og Harpefossen. Vi gjekk frå Langedalsbrua til skiltet ved Brekka - ein tur vi har gått fleire gonger før, men ikkje på lenge. Det var ikkje ei ku i sikte, berre kuruker, og vi møtte heller ikkje folk, så det var heilt perfekt. Berre to bilar passerte, og det gjekk greit. Det er eit vakkert terreng å gå på grusveg i, og det var nokolunde opplett medan vi var der. favorittstrekninga er langs vatnet i Vasslida.